Hareid mot straumen

Medan alle andre kommunar på Søre Sunnmøre har auka straumbruken sin, har Hareid redusert han med over 10 prosent. Kommunen har kjøpt seg bruksrettleiing på straumen frå Tussa, og har i løpet av 3 år spart 1,2 millionar kroner. På dei same tre åra har kommunen også redusert energikostnadene sine med 10 prosent, medan nabokommunane har auka dei.

Hareid kommune har fått 100 000 kroner i støtte frå ENOVA til enøk-tiltak. Her ser vi områdesjef Øyvind Amdam i Hareid kommune, dagleg leiar på Enøk-senteret Torger Mjønes, salssjef energi i Tussa Kim Thorup og Hareid-ordførar Hans Gisle Holstad.

Energiovervaking, tiltaksplan og haldningsendring er stikkorda for  E-fokus. Dette er eit verkty som reduserer energikostnaden med mellom 5-15 % utan store investeringar. Fleire bedrifter har også spart langt meir ved å investere i utstyr som betalar seg inn over tid.

Meir til andre ting
Hareid kommune har i første omgang satsa på små tiltak: fokus på lysbruk, isolasjon av rør, varmestyring og ventilasjon.
- E-fokusprosjektet er til stor hjelp, fortel områdesjef Øyvind Amdam. Ut frå rapportane frå Enøk-senteret kunne dei til dømes sjå at sjukeheimen hadde eit større forbruk enn venta i desember.
- Her fekk vi avdekt feilen og fiksa det slik at energitapet vart minimalt i høve til kva det kunne blitt.
- Alle avdelingane har dei same pengane å forvalte, berre at no går det mindre til straum og meir til andre nyttige ting, understrekar ordførar Hans Gisle Holstad. Han er glad for at Hareid kommune kan gå føre og vere eit godt eksempel for andre kommunar.
- Det inspirerer dei tilsette til å yte ein innsats vidare. Samstundes har det skjedd ei haldningsendring hos oss, vi har vorte veldig medvitne energibruken vår, noko leiarane av dei ulike bygga våre har ein stor del av æra for.

Fokus på E
Ved hjelp av ei webløysing får verksemda ei oversiktleg oppfølging av energibruk, budsjett og energisparing. Samstundes er Enøk-senteret alltid tilgjengeleg for telefonrådgjeving og bedriftsbesøk.
Ein enøk-rådgjevar kjem på synfaring i bygga og det vert utarbeidd ein rapport med konkrete tiltak for å oppnå energieffektiv drift. Ein ser også på om bedrifta kan hente stønad gjennom offentlege tilskotsordningar for enøk-tiltak. Hareid kommune har fått 100 000 kroner i støtte frå ENOVA.

Klimavennleg
Energisparing i Hareid er i tråd med klimaplanen til kommunen. Politikarane var opptekne av at han ikkje berre skulle liggje nede i ei skuff. Resultata gjennom E-fokus er eit prov på at denne planen fungerer.
Dei fleste store bedrifter har stort sparepotensiale, der enkle tiltak og små endringar i haldningane til dei tilsette gjev store utslag i forbruket.
- Haldningane må haldast ved like, sjølv om det ligg i den sunnmørske ånda å vere nøysam, humrar ordførar Holstad.

Kommunale klimaplanar
Alle kommunar skal ha laga energi- og klimaplanar innan 1. juli i år. Så langt har 126 kommunar laga klimaplanar, medan 234 er i gang med arbeidet. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete meiner kommunane har potensiale til å spare 1 milliard kroner på energieffektivisering.