Energiombod i prestisjefylt prosjekt

 

Frå venstre: Prosjektleiar i NMK Jon Aasen, dagleg leiar i Enøk-senteret
Torger Mjønes, prosjektkoordinator i NMK Sindre Olav Blindheim og enøk-
rådgjevar Paul Rune Ingebrigtsen

Enøk–senteret går inn i rolla som energiombod i Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). Med sine nær 23 000 m2 er dette eit av dei største nybyggprosjekta som har vore i regionen på fleire år.

Etter tidlegare å ha hjelpt byggherre med tilrettelegging av Enova–støtte, går Enøk-senteret no aktivt inn som energiombod i prosjektet. Prosjektrådgiver Sindre Olav Blindheim i NMK ser positivt på samarbeidet. Det er ambisjonar om å finne særs energieffektive løysingar til NMK – bygget, med dei positive effektar dette har for driftskostnader og miljø.

– Vi er særs godt nøgd med å få Enøk–senteret med på laget, seier han.


Aukande fokus på energi og miljø

Som energiombod er Enøk-senteret med på å sikre fokus på kostnadseffektive løysningar innan energibruk og miljø. NMK har sett seg ambisiøse energimål, og der tekniske installasjonar vil bli vurdert opp mot dei mest effektive løysingane innan mellom anna lys, ventilasjon og oppvarming.

- Erfaringane våre som energiombod er at dei årlege energikostnadene blir vesentleg reduserte om det blir gjort smarte val i prosjekterings- og byggefasen. Det handlar om å gjere dei gode energivala allereie i plan- og byggefasen. Det treng ikkje å koste mykje ekstra om ein planlegg rett, og desse effektane vil byggherren dra nytte av i heile bygget si levetid, seier dagleg leiar for Enøk–senteret, Torger Mjønes.

For Enøk - senteret representerer avtalen med NMK eit tydeleg  gjennombrot og forståing av ei rolle som ein ventar kjem til å få aukande fokus i tida som kjem, avsluttar Mjønes.