Enøk-senteret i samarbeid med Coop Norge

Enøk-senteret har no inngått avtale med fleire samvirkelag for gjennomføring av Coop Norge sitt E-kutt prosjekt.
I fyrste omgang er det inngått samarbeid med Coop Namsos og Coop Inntrøndelag. Vi er i tett dialog med andre samvirkelag og venter nye kontraktar hausten 2009.

Enøk-senteret vil bistå dei andre samvirkelaga i region Midt-Noreg og er samtidig aktuelle for andre gjennom samarbeidet med Coop Norge. 

E-kutt prosjektet har et samla energimål på 38 GWh, eller med andre ord; 26 millioner kroner årlig. Dette skal nåast gjennom blant anna Enøk gjennomgang av eksisterande bygg og tekniske anlegg, samt gjennomføring av påviste tiltak. Det er også fokus på energieffektive løysingar ved rehabilitering og nybygg.
Sist, - men ikkje minst, vil ein leggje vekt på etablering av god energioppfølging og energileiing.

For Enøk-senteret representer oppdraget ei vidareføring og styrking av den posisjon vi har, som eit av landets fremste fagmiljø på energioptimalisering innan butikk og kjøpesenterdrift. J.fr. bla avtale om analyse og bistand til Norges største kjøpesentergruppe, Amfi Eiendom.